Friday 15 May 2009

AC/DC på bongotrommer, kassegitar, kontrabass, xylofon og bassklarinett.... og gaffel!

Og det er ingrediensane ein nyttar når ein vil ha ein finfin såkalla "grilljam". Det skal skje i skuletida, i sola. Akustisk, på ein tilfeldig benk. Litt bort frå elevar som nyter sola og prøver å lære noko, for å ha litt sympati, i alle fall..

Og dinna grilljammen, det er kos! Det er knall, og sjølv om eg sjølv bidrog med noko so lite som å slå på bord/xylofonkant/bongotrommekant med gaffel, og riste på eit orff-instrument, så var eg ein del av denne koselige heilskapen, som eg nok kjem til å sjå tilbake på når eg er eldgamal og vilfortelle mine barnebarn sine barnebarn om koselige hendingar i mitt liv.

AC/DC, The Beatles, Postgirobygget, Ray Charles - dei fekk alle spelt songane sine på ein ny og meget interessant måte idag. Og siste skuletime før helga blei av slaget ein kunne ha hatt konstant heile året, uten å bli lei. Og for ein gongs skyld går eg inn i helg - ikkje trøtt - men glad og full av engergi! Kvifor ender ikkje kvar veke slik?

Du kan vel spør deg korleis det faktisk høyres ut med AC/DC på bongotrommer, kassegitar, kontrabass, xylofon, bassklarinett, gaffel og ymse orff-instrument. Men det har eg idag opparbeida erfaring til å fortelle om:

Det er jævla fett!

Ps: Anbefalas til alle som vil ha seg ein heftig latter, alle som vil bruke litt kreativitet, og alle som har ein dråpe musikalitet i seg. (Eller ein gaffel.)
Ps2: Bruk caps om du ikkje vil bli solbrent i hodebunnen. Det svir.

4 comments:

  1. genialt egon! :D det der høyrtest kjempe kjekt ut! :D

    ReplyDelete
  2. Det var magisk, nesten :D Veldig artig :)

    ReplyDelete
  3. HIHIHI!! KOOOS! JAA! fin blogg forresten:) og eg kan ikkje hugse å ha sett deg med caps nokon gong?:P

    ReplyDelete
  4. Har duu blogg? :O

    Nei, eg brukte det litt i Deutschland fordi eg vart solbrent i haudet då og. Skulle ønske eg hadde igår xD Eg ser nok ein tanke nerdete ut, men det får vere!

    Takk : D

    ReplyDelete

Free Blog Counter