Wednesday 20 May 2009

Thordis - den døde ape?



Nei. Den døde apen heiter Ida - og den døde for 47 millionar år sidan.

"Kvifor Ida? Kvifor kalle ein død ape for Ida?" Ikkje veit eg - spør pappaen til ungen som heiter Ida, og som fant det passande å kalle opp ein død ape etter sin datter.

Tenk deg dette:
Du blir til, dine foreldre går saman, diskuterar navnet ditt langt og lenge før dei finn det perfekte navnet til deg - DU ER EIN NILS. Greit, du veks opp. Dine første steg, dine første ord, din første date, din første omgang med heit sex, du blir konfirmert. Dine foreldre sine vesle, kjære Nils veks opp. Namnet Nils er ditt - det tilhøyrer DEG. Det har din historie i seg. For foreldrene dine er du Nils, for venene dine er du Nils, for venene dine sine vener, etc, etc, er du NILS. Men så finn far din ein død ape, kun nokre bein av ein død ape, faktisk ein 47 millionar gamal ape. Og for han er det greit å kalle han Nils. Det er greit å ta eit navn som han i alle sine år med deg har brukt om deg, til deg, for deg.

Det er då du kan begynne å lure på kor mykje dine første steg og din første bæsj i potta betydde for din far. Like mykje som nokre bein nedi jorda, som formar ein apekatt. Ikkje ein gong ein elegant tiger, eller ein majestetisk løve - niks, ein ape! Eit vesen som ikkje akkurat er så kresne når det kjem til kosten, eller som ikkje bryr seg nevneverdig mykje om korleis dei ser i sosiale samanhengar. Altså eit lite elegant vesen...

Dette får meg til å føle meg litt bedre - eg har det ganske godt eigentleg. Aldri har ein apekatt fått mitt navn tildelt av mine foreldre - kva meir kan ein be om for lukka? Bortsett frå kanskje litt god musikk og ein svær is frå ein isbar i Deutschland... : D

No comments:

Post a Comment

Free Blog Counter