Friday 22 May 2009

Om legar: Den unge, kjekke og mannlige typen

Kva om dei?

Det er mange, mange jenter som "berre eeeeelskaar" kjekke legar av det mannlige kjønn. I beg to differ. Eg syns ærlig talt at det er ganske kjipt å få ein superkjekk lege av det mannlige kjønn - ein får liksom ikkje så veldig lyst å legge ut om vorteproblemet under foten, eller kanskje spørre om utslettet på stumpen er veldig ondarta. Ekstra stas blir det jo om ein ender opp med bar stump opp i det fri, og mannlige legehender som granska styggeheten som har utfolda seg rundt heile bakdelen din. (note: skrive ikkje om eigne opplevingar, og takk og lov for det!)

Typisk nok har eg endt opp med denne typen leger dei tre siste gongane eg har vore hos doktor, og om besøket ikkje er pinlig nok fra før så kan jo kjekkasen i stolen framfor deg gjere dette besøket nettopp til ein så pinlig affære at ein nesten skulle ønske at det danna seg eit svært hol i bakken som sug deg ned og aldri, aldri lar deg kome opp i lyset av doktor-auge igjen.

Ein håpar, ein håpar, men den gang ei... Etter eit livsløp på 19 år har eg etterkvart lært at bakken dessverre aldri opnar seg opp for å suge ned ein rødkinna Trolldis i ymse pinlige situasjonar. Så der ender ein opp, face-to-face med ein fyr du likegodt kunne ha prøvd deg på som drita, og må legge ut om sterk tåfis, overdreven vortevekst, eller då dissa røde prikkane på stumpen. Føle du deg veldig kul? Det gjer ikkje eg...

Nuvel, livet går sin gang, ein får medisinane ein trenge, og ein gløymer den traumatiske opplevelsen fort nok. Til neste legetime....

Pst, pst: Bilete av Scrubs-folk fordi dei er kjekke og mannlige(vel, alt er relativt..). Og fordi Scrubs er tøft.

1 comment:

  1. Det finnast kjekke leger overalt. Og det burde jaffal du vere meget godt kjent med utanom legebesøk og (jobben liksom). Men det er eit problem at leger er pene, for det er menneskjer som er både ekstremt pene og smarte? Må jo vere jævla noob for å bli lege liksom. Over 6 i snitt sikkert. heahea

    ReplyDelete

Free Blog Counter