Sunday 17 May 2009

Mandagssokkar på ein søndag?


Niks, for idag har det skjedd noko revolusjonerande - verkeleg. For første gong sidan eg gjekk til kjøp av sokkar med dagsnavn på, for 5€ i fagre, fagre Tyskland - har ikkje dagen eg eg går med på sokkane matcha den dagen eg faktisk er i. Det har vore variable grunner til dette.

Mandagssokkane blei kanskje brukte på søndag, og dermed måtte eg bruke eit anna par på mandag, på mandag bruker eg kanskje onsdagssokkane, på tysdag viser det seg kanskje at tysdagsparet var det eg brukte på laurdag, så eg drar laurdagsparet. På onsdag har eg ikkje onsdagsparet, og brukar dermed torsdagsparet. Dette igjen fører til at eg ikkje har eit torsdagspar og bruke på torsdagen, og sidan eg sikkert har dårlig tid og brukar eit par halvstygge "kvite" sokkar i staden for å følge i mine eigne fotspor med feil-vekedagssokk-tradisjonen. På fredag har eg faktisk fredagssokkane rett framfor meg, kliss reine, klare til å bli satt på to sokkeklare føtter. Men eit vesentlig problem: Når har nokon sinne den usmakelige orangefargen på fredagssokkane passa til noko som helst antrekk? Litt verdighet har eg, og brukar dermed eit par svarte, heilt nøytrale sokkar til antrekket. Lørdag no går eg barføtt fordi alle sokkane er til vask - og søndag er ikkje dei rette sokkane tørre.

Men no er eg ikkje lenger i følgande mønster. Søndagssokkane - lilla og flotte - var reine idag, var brukbare og passa til antrekket. Og for første gong sidan byrjinga av april ein gong, kan eg faktisk stå fram stolt og peike på baksida av sokkane mine - uten å framstå som senil. For første gong kan mennesker som ser baksida av sokkane mine nikke forståande - og smile og gå vidare - "no har Thordis endelig forstått det".

Ja, det er sanneleg ein fin dag idag!

Og no er det grillings! Eg kan garantere at mine vener får høyre om den revolusjonerande (rett stava?) dagen og hendinga som dagen no har medbringt. Nuvelh! Ha ein fin dag!

PS: Det er vel på sin plass å gratulere med nasjonaldagen? .. og til Rybak som gruste Europa so jævlig igår. Gratz!

3 comments:

  1. hahah, det må vere eit problem. xD Ein god grunn til å ha sokkar med hundar på istaden. :P

    ReplyDelete
  2. Ja, sant? xD Ante jo ikkje at det var dagsnavn på dei, men sju par sokkar for 5€ er kewlt, og dermed slo eg til!

    Neste gong skal eg forsikre meg om at det er hundar, eller liknande, på :P

    ReplyDelete
  3. Trur det er ein god ide Thordis. Det kan bli litt styrete å halde orden på BÅDE (:O) den riktige vekedagen og samtidig passe på det med riktige sokkar. Forstår godt at det kan gå litt i ball til tider:p

    ReplyDelete

Free Blog Counter